Jump to content
Battlefield.no

Olla

Supermedlem
  • Content Count

    761
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About Olla

  • Rank
    >:3
  • Birthday 07/28/1989

Contact Methods

  • Website URL
    http://ollapus.deviantart.com

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Sykkylven
  • Interests
    Lemonparty
  1. Olla

    FlashForward

    Har sett dei to fyrste episodane. Fekk ikkje akkurat bakomsveis, men dei var absolutt inne på noko. Skal følgje med litt vidare.
  2. Jau, det visste eg faktisk, har kika litt på studieoppbygginga, og det går for det meste i matematikk, fysikk og litt kjemi dei første åra. Så trur og håpar eg greier å halde motet oppe Kan være greit å sette opp et annet sivingstudium som andrevalg da. Tror det går ganske greit å skifte over til nano etter et par uker hvis du ikke kommer direkte inn. Er vanlig at minst fjerdedelen av klassen slutter i løpet av den første måneden, og det frigir plasser. Tror de fleste sivingstudiene har de samme faglige kravene for å komme inn, men det kan være store forskjeller på poengkrav. Etter det jeg kjenner til så har nano de høyeste poengkravene (og er også i ferd med å bli den mest respekterte linja). Fysmat, som jeg går på, er ikke veldig forskjellig fra nano, siden begge linjene involverer ganske heftig fysikk og matte. Nanofagene er i stor grad spesialisert anvendelse av (kvante)fysikk og kjemi/materialteknologi, evt. elektronikk. Hmm, godt tips. Ja, det er vel i alle fall slik eg har forstått det Matematikk 1 og Exphil som stort sett går igjen hos dei fleste sivingstudiuma i det første semesteret. Skal vurdere dette om eg ikkje kjem inn, tusen takk!
  3. Mange spanande og varierte utdanningar her, kjekt å lese Er fyrst og fremst 20 år gamal. Utdanninga mi hittil er heller rotete. Frå eg var rundt 15 år hadde eg store ambisjonar om å bli ein siviløkonom, for å gå i min fars fotspor. Det var berre det eg skulle bli, og det visste eg. Eg var heilt bestemt. Eg gjekk allmenn på VGS og valde bedøk, med MX og engelsk som fordjupningsfag gjennom andre- og tredjeåret. Men så, då eg kom ut av VGS hadde eg sjølvsagt akkurat ikkje nok poeng for NHH, som var skulen eg ville gå på. Tok derfor turen til Oslo i hausten 08, for eit årsstudium i Økonomi og Ledelse, for å legge litt ekstra grunnlag for resten av utdanninga. Tok ikkje mange månadane før eg skjønte at økonomi slett ikkje var noko for meg. Når eg tenkte meg om, skjønte eg ikkje kvifor eg ville gå det i utgangspunktet, sidan eg overhodet ikkje har noko interesse for økonomi. Nei, etter litt grubling kom eg fram til at vitskap og forsking ligg lenger oppe i mi gate. Sjølvsagt! Dette er noko eg alltid hadde vore oppteken av, så eg kunne ikkje skjønne kvifor eg ikkje hadde tenkt på dette før. Fant straks ut at eg har funne nanoteknologi særs interessant, så eg skifta utdanningsmål på staden. Men eg skulle fullføre årsstudiumet i Økonomi og Ledelse, for det kan jo alltids vere kjekt å ha. Men studium på NTNU i nanoteknologi krev jo straks enda fleire poeng, i tillegg til at eg mangla naudsynte fag frå VGS. Eg bestemte meg for å ta 2KJ, 2FY og 3FY for å få maksa ut realfagspoenga mine, samt skaffe den naudsynte forkunnskapen. Etter ein liten sjekk såg eg at siste frist for å ta 2KJ og 2FY var våren 09, ellers måtte eg skifte til Kunnskapsløftet, som inneber to eksamenar per desse faga. Heiv meg derfor på 2KJ og 2FY som privatist i vår, ved sida av økonomistudiet. Det krev litt å kunne få OK karakterar i desse faga utan undervisning eller øvingar, så eg måtte finne meg i å ofre forelesingane i eitt av økonomifaga. Sommaren kom, og eg kom meg gjennom både kjemi og fysikk, men strauk Bedriftsøkonomisk Analyse med glans. Skulle kanskje heller ha ofra sosiale tilhøve framfor forelesingar, hehe. Eg visste at eg ikkje hadde sjanse til å komme meg inn på nano i haust, så eg søkte meg inn på noko eg tenkte kunne vere greitt å ha som grunnlag for nano (eller andre vitskapsutdanningar, om eg skulle finne på å ombestemme meg igjen) - årsstudium i matematikk. Og her er eg no; på NTNU. For tida les eg på Bedriftsøkonomisk Analyse ved sida av mattefaga, og skal ta 3FY som privatist til våren. Har rekna ut at eg ligg og vippar på nanosnittet til neste sommar, så kan godt hende at eg ikkje kjem inn. I så fall veit eg ikkje kva eg skal gjere. Kanskje eg tek meg eit år for å gjere noko interessant i utlandet, kanskje eg utvidar årsstudiumet i matte til ein bachelor, eller kanskje eg rett og slett tek eit jobbeår. Gler meg uansett veldig til tida framover, det skal bli kjekt å sjå kva det blir av meg - om eg faktisk følg den nye draumen om nanoteknologi, eller om eg plutselig skulle ombestemme meg igjen. Det fins jo så mykje rart innan forsking og vitskap som eg synes er interessant, så dette blir spanande! 2005 - 2008 Allmenn VGS 2008 - 2009 Årsstudium i Økonomi og Ledelse 2009 - 2010 Årsstudium i Matematiske fag 2010 --> Nanoteknologi eller liknande?
  4. Heilt einig i at trailarar burde ver langt kortare på generell basis. Men sjølv om eg veit det så inderleg godt at det er stor spoiler-sjanse i brorparten av nye filmtrailarar, greier eg berre ikkje å halde meg unna
  5. The Wolfman Ser feit ut Angåande Legion, er det den mest på trynet traileren eg nokon sinne har sett. Herregud, skal ikkje vere mogeleg å inkludere så store spoils som det var i den traileren. Filmen i seg sjølv ser grei ut, though.
  6. Olla

    Jakt & Fiske

    Vert dessverre ikkje noko reinsdyrjakt på meg i år. Sesongen krasjar så fint med skulestart. Dette er normalt ikkje noko problem, men når eg nett har flytta til ein ny by med ny skule og nytt miljø vil eg helst få med meg desse vekene. Utelukkar ikkje at det blir litt rypejakt til hausten, for det hadde vore kjekt!
  7. Ja, jøss. Det er altfor langt mellom dei gode spela. Eg ventar for min del berre på det neste Zelda. Hadde det ikkje vore for det spelet, hadde eg nok solgt maskina mi i desse tider. Har heller ikkje Brawl lenger, og er lite sugen på å kjøpe det for tredje gong Kjøpte fyrst NTSC-versjonen, som seinare vart ubrukelig etter patchen. Så kjøpte eg ein PAL-versjon, men dette forsvant på merkeleg vis like før eg flytta frå Oslo, og har ikkje sett noko av det i ettertid. Når PS3 Slim kjem, skal eg nok anskaffe den! Den maskina har eit par godbitar eg enda ikkje har spelt, og fleire flotte spel i vente.
  8. Vi snakker om Juli: Best dag denne måneden + Grunn: 28. juli, 20-årsdagen min. Fekk mange flotte bursdagshelsingar, og hadde ein filmkveld med vennegjengen, etterfulgt av HoN-speling på natta. Største drittdag denne måneden + Grunn: Episk fyllesjuke på Roskilde. Av den typen der eg må spy HEILE tida, til eg vart bra igjen. Antall dobesøk vart tosifra, og eg var slått ut til langt utpå dag. Det hjalp heller ikkje at eg valde å få i meg væske via sterk økologisk juice, som rett og slett øydela heile halsen min sidan det kom ned og oppatt x antal gongar. Favorittlåt denne måneden: Mew - Repeaterbeater Dyreste kjøp denne måneden + Pris: T-skjorte til 150,- Beste film jeg så denne måneden: The Departed, med The Hurt Locker på fin andreplass Edit: Gløymde Crank 2! Den var sjølvsagt råfeit. Mest elendige film jeg så denne måneden: Audition Beste fyllefesten denne måneden: Roskilde Særeste opplevelse denne måneden: Vêret. Det skiftar HEILE tida mellom regn, sol og overskya. Spesielt frustrerande for meg som har diverse malarjobbar som sommarjobb. Favoritt web-side (utenom denne) denne måneden: Unreality Magazine Drømmer og håp for neste måned: Skal flytte til Trondheim. Håpar eg trivast, at det ikkje er noko muffens med leilegheita, at kickboxing blir kjekt og at skulen går greit.
  9. Har spelt gjennom det som har blitt utgitt av Tales og likte det svært godt, forutanom grafikken. Eg synes berre at Monkey Island tek seg 100 gongar betre ut i 2D enn i 3D. Har ikkje spelt Curse-remaken enda, men gler meg. Dei kunne knapt laga ein slik remake på ein betre måte.
  10. Olla

    UFC 100

    Eg likte knockouten av Henderson på Bisping. Såg ut som han fekk seg ein real støkk. Er litt artig når slikt skjer mot den som er størst i kjeften før kamp. Var synd vi ikkje fekk sjå meir av Mirs potensiale, då han tilbrakte mesteparten av kampen mot Lesnar på bakken. Angåande IQ, vil eg tippe at IQ-fordelinga i MMA er ganske lik IQ-fordelinga i mange andre sportar, som f.eks. fotball, sykling eller symjing. Her er nok både folk med både låg, middels og høg IQ i alle slags sportar, på same måte som det er låg, middels og høg IQ i dei fleste samfunn. Eg ser ingen grunn for at MMA-utøvarar skal ha spesielt låg IQ, sjølv om dei likar å praktisere kampsport.
  11. Jau, det er berre å kaste seg på! Roskilde vert fantastisk i år, og det blir min fyrste unorske festival. Er masse gode band, men som alltid er det sjølvsagt eitt tilfelle av bandkrasj (denne gong Baddies og Faith No More ). Men det lyt ein tåle. Vi kjem til å sikte mot E-området, Spooky. Men vi er såpass mange som har lyst til å ha telta våre samla, at vi sikkert må takke oss til det vi får Edit: W00t, i år er visst E-området Climate Community - eit område med fokus på klima, demonstrasjonar og mange smarte, miljøvennlege løysingar. Fysj, det er ikkje akkurat klima eg prioriterer når eg er på festival. Nei, då veit eg ikkje kva område vi hamnar på, hehe. Vi tek vel det fyrste og beste vi finn! C-området er ikkje ei umoglegheit.
  12. Transformers 2 blir feit. Har òg lyst til å sjå Crank 2 snart. Nye filmtrailarar: Inglorious Basterds The Last Airbender 2012 Har stor tru på Inglorious Basterds, og eg veit at den kjem til å fiste. 2012 blir heilt sikkert super popcornunderhaldning så lenge ein har god lyd og godt bilete. The Last Airbender veit eg ikkje nok om til å uttale meg, og eg har heller ikkje sett noko av Avatar. Men teaseren var jo ok, så det kan hende den blir grei.
  13. Det eg hatar mest med NGT, er servicen. Då vi bestilte internett i Oslo, skulle vi få installatør på døra innan tre veker. Fire veker gjekk, og vi ringte. Fekk som svar at det ikkje var mogeleg for oss å få internett. Det gjekk berre ikkje an der vi budde (Holbergs Plass), fekk vi høyre. NGT sa dei hadde sendt mail om dette, men den mottok vi aldri. Etter litt research ringte vi tilbake og sa at det absolutt skulle vere mogeleg for oss å få nett. Fekk eit OK tilbake, og vi måtte vente fire nye veker før vi endeleg fekk internett. Ein mørk periode i livet mitt.
  14. Concept art for det neste Legend of Zelda Eit levande Master Sword, anyone?
  15. Les den fyrste previewen og gråt dykkar gledestårer.
×
×
  • Create New...