Jump to content
Battlefield.no
Sign in to follow this  
Sofakommandanten

Red Orchestra 2: Innføring i tanks

Recommended Posts

main.php?g2_view=core.DownloadItem&g2_itemId=7182&g2_serialNumber=1 Red Orchestra 2: Innføring i tanks

Har du lyst å dundra over bakken i eit 30tonn tungt stålmonster, men føler deg som ein enorm blink? Les her for ein rask innføring i korleis bli ein betre tankskommandør!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Har du lyst å dundra over bakken i eit 30tonn tungt stålmonster, men føler deg som ein einaste stor blink? Les her for ein rask innføring i korleis bli ein betre tankskommandør.

Rollar

Det er fire hovudrollar i ei tanks (kan variere avhengig av type tanks). Bruk rullehjulet på musa til å utforske forskjellige måtar å sjå ut av (og inn) i tanksen.

GUI+forklart.middels+%28400x400%29.jpgGUI forklart

Sjåfør: Kjører tanken rundt med WASD. Husk at du kjører eit fleire tonn tungt beist, og at manøvrering kan vara vanskelig. Tips: i menyen kan du aktivere "incremental throttle" som gjer at du kan velge hastigheten. Dersom du ikkje har dedisert (altså ein spelar) sjåfør, gjer ein bot jobben for deg når du er skyttar eller kommandør

Skyttar: Styrer tårnet og ser ut ein kikkert nær løpet. Han kan justere avstanden til målet i hundre meter intervall med Q og E. Kan skyte med maskingevær ved å trykke på midtre museknapp

Kommandør:  sitt i toppen av tårnet, og er den i tanken som har best sikt ut. Han kan også reise seg ut av tanken for å speide rundt. Bruk kikkerten til å sjå enda lenger og til å bestemme avstandar til fiendtlege tanks. Meir om dette seinare

Siste rollen er den som styrer maskingeværet framme på tanksen. Denne er ubrukeleg i tanks modus, men er til stor hjelp på infanteribaner. Tips: boten gjer ein veldig god jobb her (den har tross alt aimbot)

Taktikkser+du.middels+%28400x400%29.jpgser du tanksen?

Det er viktig å posisjonere tanksen din rett dersom du ikkje ønske å være eit lett mål. ALDRI kjør rundt midt ute på ei open slette, men prøv så godt som mulig å gjøyme tanken bak hinder, bakketopper og mørke bakgrunnar og vegetasjon.

Dersom berre toppen av tanksen stikker opp over ein bakketopp blir det kalla "hull-down". I denne posisjonen kan du skyte på fiendtlege tanks, men du er derimot eit svært lite, og vanskelig må å treffe. Møter du ein fiendtleg tank i denne posisjonen på litt avstand bør du revurdere angrepet. Størrelsen på tanken blir lett 1/4 mindre i hull down!

Det viktigste er å være mobil! Ikkje gi fiendtlege tanks muligheit til å sikte seg inn på deg! Skyt til fiendtleg tanks oppdager deg, trekk tilbake, og popp opp på ny når hans oppmerksomhet er ein annan plass! Også kalt "peek-a-boo"

Tactics_hullDown.middels+%28400x400%29.pngHull downDersom du blir beskutt er det viktig å vise fronten av tanken din mot fienden, av den enkle grunnen at fronten er best pansra delen av tanksen.

Er du smart snur tanksen nokon grader til sida (som vist på bildet). Dette aukar sjansen for at skota vil prelle av panseret ditt på grunn av vinkelen.

Å møte ein fiende head-on er aldri ein god ide (spesielt ikkje dersom han er større og betre pansra enn deg), då du vil ha problem med å skyte gjennom det tjukke panseret i front.

Dersom du skulle møte to eller fleire fiendtlege tanks som har oppdaga deg, burde du ta ein taktisk tilbaketrekning, då din odds for å overleve er nær null.

Tips: Husk at dei fleste kjører tanksen åleine, og ikkje har nokon til å holde utkikk mens de skyter. Dersom du ikkje ser ein kommandør i tårnet av ein fiendtleg tank, og tårnet ikkje peiker i din retning er det stor sannsynlighet for at han ikkje har sett deg. Då kan det vera smart å komme seg rundt på baksida, der du kan skyte det svake bak-, eller sidepanseret

Skade og repareringTactics_angle_of_impact.middels+%28400x400%29.pngAngle of impact

Tanks i RO2 har ein svært god skademodell, der velplasserte skot kan skade motor, drivverk og tårn og sette ein tanks ut av spel. Ein kan også drepe personell i tanksen. Til dømes skulle sjåføren bli drept kan du ikkje lenger styre tanksen frå kommandør/skyttar posisjon, og må fysisk bytte plass for å kjøre tanksen.

På kartet er det avteikna ammunisjonslager. Her kan du få påfyll av ammunisjon, men også reparere tanksen og bytte ut døde mannskap.

Typar ammunisjon

Gunner kan bytte mellom HE og AP kuler ved å trykke på 6.

AP står for "Armour Penetration", og er det einaste som effektivt kan ta ut fiendtlege tanks, men er svært lite effektivt mot infanteri

HE står for "High Explosve", og  er i motsetning til AP laga for å ta ut infanteri.

Skyttar kan også skyte MG med midtre museknapp

Bestemme avstandar

Kommandøren har ein kikkert med nokon rare trekantar og streker. Desse blir brukt av til å bestemme avstandar til fiendtlege tanks, og her er korleis:

Avstanden mellom trekant-topp til trekant-topp blir kalla 8mil. Avstand frå trekanttopp til strek er 4mil. Kombiner dette og du finner ut kor mange MIL ein fiendtleg tank opptar i kikkerten. Dersom du nå veit lengen/bredden av tanksen, kan du regne ut avstandenMIL.img_assist_custom.jpgAvtand forklart

Dei fleste tanks er mellom 6 og 7 meter lange, og 3 til 4 meter brede.

Dersom ein tank som er 3 meter bred opptar 10MIL i siktet, deler du 3meter på 10mil og får til svar at tanksen er 0.3KM = 300meter frå deg

8mil+bredde+exp.middels+%28400x400%29.jpg8MIL bredde

T-34 er 6.7M lang. Dersom den opptar 8Mil i kikkertsiktet betyr det at:

6.7meter/ 8MIL = 825meter

Kjøre tanks med venner

Ein kan spela samen med 3 venner i tanksen, men det mest optimale er to stk; ein skyttar og ein kommandør/utkikksmann.

Når dykk har komme inn på same lag, vel "join a squad". Ein av dykk må velje ein ledig "tank commander"  og trykke "continue". Han må svare ja på spørsmålet om han vil tillate at ekte menneske kan vere med i tanksen.

Dei som vil vare med han i tanksen må velje ein ledig rolle på sida av "tank commander" og trykke "continue" så fort som mogleg. Andre spelarar på laget kan ta posisjonen, og dersom dykk vente for lenge må tanksen bli øydelagt før dykk kan spela samen.

Tips: Skyttar bør holde tårnet i ro i posisjon 12 (på klokka), ellers blir det vanskelig for kommandøren å bruke kikkerten.

Når kommandør har oppdaga ein fiendtleg tanks, beregnar han raskt avstand og roper ut posisjon og avstand til skyttar som stiller inn og skyter. Kommandøren held kikkerten på målet og roper ut kor skotet treff

Døme: fiendtleg tanks klokka 9, 600m...... bom, litt høg!

 

Lykke til med å kjøre tanks i Red Orchestra 2!

Har du ikkje nokon å kjøre med? Kom inn på mumble, les meir her

Lysten på meir lesestoff om Red Orchstra? Her er manualen for gamle Red Orchstra Ostfront 41-45 

Fleire taktikkar for tanks kan finnast her (Frå spelet "World of Tanks". Ikkje alt stemme med Red Orchestra)

 

 


Share this post


Link to post
Share on other sites

Angle of Impact, fungerer det i RO2? Syns det hadde en meget begrenset effekt, men det er sammenliknet med RO1 da. Der betyr det jo natt og dag.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Synes denne fortjener en sticky under RO2-seksjonen om det er en slik da.

Bra jobba Sofa og lett forståelig.

De av oss som har spilt en del World of Tanks vil nok nikke anerkjennende til det du nettopp skrev :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Veldig bra ' /> Og ja Angle of Impact, hull down, scoot and shoot er gode taktikker alle sammen. gudene vet hvor mange runder jeg har tatt imot og overlevd bare ved å ha riktig vinkel mot fienden Det

Share this post


Link to post
Share on other sites

Eg og Arthalion har prøvd å finna "weak spots" på T-34 og Panzer 4. Me konkluderte med at frontarmour er tåler mest, sidearmour mindre, og baken minst (big surprise tongue.png ). Turret tåler mykje juling før tanksen blir sprengt (men loader/commander har stor sjanse for å bli drept. det er altså lite sannsynlig å drepe ein tank i "hull-down")

-Me fant ingen weakspots i front (prøvde å skyte driverport, Hull MG og commanderhatch uten at skota penererte betre)

-Bakerste 1/3 av tanksen har stor sannsynlighet for instant-kill eller øydeleggje motor. Men det er ein viss sannsynlighet for instant-kill på resten av tanksen og.

-HE skudd tar INGEN skade på tanks. men dersom commander/driver ser ut av tanksen døyr dei umiddelbart.

-Angle of impact hadde minimalt å sei på Panzer 4, men T-34 bounca mykje om ein ikkje treff direkte på (Panzer 4 har mykje dill på sidene, mens T-34 har glatt, sloped armour, så dette var ikkje overraskane)

-Dersom ein skyt direkte (90 grader) på frontarmour (og til dels sidearmour) er det liten sjangse for å øydeleggje moduler eller drepe crew. Armour blir først skada, og så øydelagt (vises som gult eller rødt felt på skadeindikatoren). Når armour er øydelagt er det stor sjanse for å sprenge tanksen.

T-34 vs Panzer IV:

-T-34 er mindre oversiktlig (commander må ut av tanksen for å sjå seg rundt), men har "smartare" armour. Dersom den bruker "angle of impact" smart har den eit visst overtak i 1vs1. T-34 er også mykje raskare og smidigare.

-Pz IV har sterkare armour, men har liten sjanse for at skot vil prelle av. Commander og gunner av adskilt, og commander har godt utsikt også inne i tanksen. Er forholdsvis treig.

Dei har ca lika kraftige kanoner.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
Sign in to follow this  

×
×
  • Create New...